tirsdag 26. mai 2015

Studietur til Norsk Møbelfaglig Senter, Sykkylven



Vi i klasse 2SF1 drog til Møbel museet i Sykkylven på utstillinga ''Ver så god og sitt'' der vi fekk sjå på stolar og møblar frå 1920-åra og omlag fram til møblane som blir produserte i dag. Vi lærte om trendar som har vore populære opp gjennom tidene og om etterspørselen. Vi fekk lære om korleis produksjonen til nokre av møblane gjekk føre seg, og korleis produksjonen utvikla seg ettersom standarden utvikla seg. Vi lærte også om møbler som var spesielt typiske for vestlandet, som korgstolen som var populær på 20-talet og stresslessen fortsatt som er ettertrakta idag. Nokon av dei mest ikoniske møblane som dei har som er moderne idag er ''Ektrem'', ''Peel'' og ''Stressless original''



Noko av det som er spesielt med dette museet er at det er lov å prøve alle stolane som er der, det er også deler av museet som er innreidd slik rom var før i tida. Der er også ei lita avdeling på denne utstillinga som har mange små modellar av møblar som har hatt mykje å seie spesielt i Europa og USA.



Medan vi var på utsilinga fekk vi i oppgåve å teikne ei skisse av fire av stolane i utstillinga, skrive ned namn på designeren og produksjons året. Vi skulle også teikne ein av stolane opp att, og leggje   til fleire av detaljane og finne ut meir om produktet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar