torsdag 8. november 2018


Industridesign,                                       

…og alle dei moglege vinklingane mot dette

Av Samantha Haddal 3KDA 22.10.18



Torsdag den 18 oktober fekk klassa mi, 3KDA, moglegheita til å vere med på den første industridesignkonferansen haldt på Giske. Her var det presentert ni forskjellige foredragshaldarar, der alle hadde forskjellig bodskap basert på kva dei driv på med, og deira historie innan industridesign. Som unge KDA-elevar, fekk vi her servert mykje kunnskap som vi kan ta med oss vidare. 

Inspirasjon og motivasjon

Å vere under same tak som så mange andre mennesker som jobbar innan same fagfelt var nesten overveldande i starten. Det måtte vere fleire hundre deltakarar, og folk mingla rundt omkring i det flotte lokalet. Den pulserande stemninga var omtrent til å ta og føle på, med dei varme lanternene i taket, i kontrast med dei industrielle møblane laga av pallar. Heile plassen hadde eit åpent og luftig preg, med mykje rom og god takhøgde til å tenke kreativt. Den enkle, åpne og reine estetikken i interiøret ved konferansesenteret, gav ein følelse av at dette var noko gjennomført og skikkelig. Dette var noko av respekt og interesse, som folk tok seriøst. Men dei innbydande møblane av gjenbrukt treverk med puter gav ei kjensle av uformalitet. Alt dette ilag, gav eit inntrykk som for min del, gir meg lyst til å skape, diskutere og vere kreativ med andre menneske utan noko frykt for å ikkje bli tatt seriøst, og utan frykt for å bli tatt for seriøst. Og dette var før konferansehaldarane begynte. 

Foto:Tone Molnes


Same tema, mange perspektiv

Sjølv om alle foredraga omfatta det same temaet, industridesign, hadde kvar av foredragshaldarane forskjellig vinkling. Først kom Bård Eker frå Eker design på scena, og fortalte om kor befriande det er å vere designer, ettersom ein kan lage kva ein vil. Han snakka og om ungdom innan denne bransjen; «Ein kvar oppriktig sjef ville ha ansatt ein nyutdanna framfor ein designveteran». Med dette så ville han ha fram at unge tenker ofte meir innovativt, meir utfordrande og har enda ikkje blitt forma og bunden av en bakgrunn og historie innen design. 

Foto: Tone Molnes

Etter dette kom Paal Holter opp på podiet, og fortalte om teoriar i forhold til brukargrupper og om utvikling av interessene hos menneske. Dette foredraget var personleg min favoritt, ettersom han drog fram mange ulike poeng som eg aldri før har tenkt på; microtrender, subtrender, og megatrender, og korleis disse «forutser» framtida innan design, og dei ulike brukergruppane desse rørar. I tillegg nemde han ei brukargruppe som det berre det vil bli fleire av framover, men som er lite tenkt på i dag. Han kallar denne gruppa «Fri 2». «Fri 2» gruppa er eldre mennesker, for gamle til å jobbe, men sunne og spreke nok til å ha fritid. Denne gruppa, kjem industrien til å tene godt på, seier han. 

Kunnskapen er gull verdt

Dei to tidligare nemde, var dei eg kjende eg fekk mest ut av, og var mine to favorittar. Dei andre var så klart også utruleg bra, og essensen i den kunnskapen dei delte, er gull verdt å ta med videre. Erik Håkonholm frå Vard fekk fram korleis ein må tilpasse seg når forandringa kjem plutselig. Birger Selvadson frå AHO satte fingeren på skillet mellom skule og arbeidslivet og kor viktig dette skille er. Rikke Vold frå Ekornes la fram utfordringane med å jobbe i ein bransje som har ei historie, men framleis må tenke nytt. Kjell Are Furnes frå Ably Medical fortalte om sjukehussengane han var med på å designe, og korleis ein kan gå saman og dele kunnskap tverrfagleg på forskjellige felt. Bojana Petkov frå Halogen viste prosessen for å maksimere funksjonalitet, når behov blir større. Anders August Kittelsen frå Stokke kom med tre prinsipp, som essensielt fortalte om korleis ein når fram til brukarar. Til sist, men definitivt ikkje minst, kom Einar Hareide på og fortalte om hans syn på utvikling innan industridesign. For å avslutte dette kom han med ein replikk som han har holdt seg til gjennom tidene: «Design is about communication. It is about storytelling».

Foto: Samantha Haddal
 Foto: Anja Overå

Vegen vidare 

Etter denne konferansen, har eg eit anna syn på design og kvifor det kan vere viktig å skape nytt. Tidlegare har eg sett på design som noko frivillig, flyktig, og noko som ikkje var nødvendig for framdrifta av eit samfunn. No ser eg design overalt, alt er design, og mykje av det er viktig. Viktig i forskjellig grad og viktig på forskjellige måtar; funksjonalitet, estetikk, møte behov og takle ulike utfordringar i kvardagen.